Konsesjon og buplikt - landbrukseigedom | |||||
Oppdatert: 16.10.2019 12:09 | |||||
Generelt | |||||
Omtale
Eigedommar som er fritekne for konsesjon
Som regel må du sende inn eit skjema om eigenfråsegn om konsesjonsfridom. Dette gjer du til kommunen.
Søkje om konsesjon
Dersom eigedommen er ein landbrukseigedom og ikkje er friteken for konsesjon, må du søkje kommunen om konsesjon.
Konsesjon og buplikt
Dersom du ikkje har tenkt å bu på eigedommen, må du søkje om konsesjon utan buplikt.
| |||||
Kriterium/vilkår
Søkje om konsesjon
Dersom eigedommen er ein landbrukseigedom og ikkje er friteken for konsesjon, må du søkje kommunen om konsesjon.
Det er ein del kriterium for å få ein slik konsesjon, blant andre:
| |||||
Regelverk | |||||
Lover Forvaltningsloven Konsesjonsloven Forskrifter Forskrift om gebyr for konsesjonsbehandling m.m. Forskrift om konsesjonsfrihet mv. Rettleiing Konsesjon, priskontroll og boplikt (M-3/2017) | |||||
Praktiske opplysninger | |||||
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Du må bruke skjema frå Landbruksdirektoratet når du skal søkje om konsesjon. Skjemaet sender du til den kommunen som eigedommen ligg i. | |||||
Skjema Skjema SLF-360 og SLF-359 Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved tileigning/kjøp av fast eigedom mv. (SLF-360) Landbruksdirektoratet (forskjellige skjema) Søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom (SLF-359) | |||||
Vedlegg Kopiar av heimelsdokumentet (skøyte), kontrakt og takst skal leggjast ved dersom slike dokument finst. | |||||
Søknadsfrist Fire veker etter at avtalen blei gjort eller du fekk råderett over eigedommen. | |||||
Sakshandsaming Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Det kan vere nødvendig med synfaring og oppmåling av eigedommen. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving viss ein kan tenkje seg at du blir misnøgd med vedtaket. Viss grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtakets går ut. | |||||
Sakshandsamingstid Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta. | |||||
Klagemulighet Både du og andre med rettsleg klageinteresse kan klage viss du eller de er misnøgde med vedtaket. Fristen er tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klaga skal takast til følgje. | |||||
Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
Andre opplysningar | |||||
Dato oppdatert 2019-10-16 12:09 |