Koordinerande eining

Koordinerande eining (KE) i Etne

KE  betyr koordinerande eining for habilitering og rehabiliteringsverksemd, og alle kommunar skal ha ei koordinerande eining.

KE  betyr koordinerande eining for habilitering og rehabiliteringsverksemd http://lovdata.no/all/hl-20110624-030.html#map007

Alle kommunar skal ha ei koordinerande eining for habilitering og rehabiliteringstenesta: Link til kommunestyre vedtak.

KE skal ha ein sentral rolle i å leggja til rette for god samhandling, både på individnivå og systemnivå mellom pasient, brukar og tenesteytar, og mellom tenesteytarar på ulike fagnivå.

http://www.helsedirektoratet.no/publikasjoner841-knutepunkt-305789a.pdf

KE skal ha ansvar for arbeidet med IP og for oppnemning, opplæring og vegleiing av koordinatorar. Dette gjeld for tenestemottakarar med trong for fleire tenester og langvarige behov for hjelp.

KE  skal kunne ta imot førespurnader om rehabilitering frå brukarar, både internt i kommunen og frå spesialisthelsetenesta.

Hovudmålet med denne funksjonen er at det skal vera lett å få kontakt med kommunen si rehabiliteringsteneste, ein stad å henvenda seg og sikra at saker vert vidareformidla til rett instans.

 

Organisering i Etne kommune

KE er eit «team» sett saman av konsulent for funksjonshemma, fysioterapeut, ergoterapeut, psykisk helse, representant frå Pleie og omsorg i Etne/Skånevik og representant for funksjonshemma.

For tida er det rådgjevar for KE =Konsulent for funksjonshemma som har ansvar for innkalling til møta og å utarbeide/oppdatere oversikt over koordinatorarar og individuelle planar/ansvarsgrupper.

  • Møter kvar månad med fokus på arbeidsoppgåvene lista opp under, møter ut over dette i påkommande tilfelle, t.d. når ein vert kontakta av nye brukarar.
  • Fordeler oppgåver eller førespurnader seg imellom og sakshandsamar desse for aktuell einingsleiar som fattar vedtak.

Sjå brosjyren til Etne kommune.

 

Arbeidsoppgåver

  • Ha oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstilbodet i kommunen og bidra til å styrkje tverrfagleg samarbeid og skape heilskap og samanheng i tenestetilbodet.
  • Sakshandsaming
  • Utarbeide retningsliner for lagring og journalføring av personsensitive opplysningar og IP (elektronisk når det er på plass)
  • Informasjonsarbeid (brosjyrar, skriv  etc)
  • Dra i gang arbeid med ansvarsgrupper og vera pådrivar for arbeid med IP, peike ut koordinator
  • Bidra til tydelig ansvarsdeling
  • Opplæring og vegleiing av koordinatorar for IP
  • Samarbeide med Spesialisthelsetenesta, etatar utanfor helsetenesta m.a. NAV, skule-/barnehage, barnevern
  • Samarbeid med Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering i HelseVest

 

 

«Koordinator»

Koordinerande eining har ansvar for å finne og tilvise koordinatorar til dei ulike brukarane. Ein kvar tilsett uavhengig av kva eining vedkommande er tilsett i, må vere budd på å ta på seg eit ansvar som koordinator. Det er naturleg at den tenesta som er tyngst inne i arbeidet med den einskilde brukaren tar på seg koordinatoransvaret, men ein søkjer å byggje på den einskilde brukar sine ønskje og etter kva som er rimeleg å forventa. Koordinatorar skal ha opplæring og rettleiing om koordinatorrolla av KE etter behov/avtale

”Fast adresse”

I Etne finn ein Koordinerande eining ved å ta direkte kontakt med rådgjevar for KE: for tida er det  konsulent for funksjonshemma som sit på Tinghuset, eller ved å vende seg til Tenestetorget

Kontaktadresse/tlf skal vere synleg på heimesida for Etne Kommune

Brosjyrar om K.E  , IP og koordinator er synleg i Tenestetorget for vidareformidling av informasjon.

 

Alle tilsette i kommunen er med dette orientert om KE

 

Kontaktinformasjon:
For å komme i kontakt med Koordinerande eining kan du ta direkte kontakt med konsulent for funksjonshemma, som har kontor på Tinghuset, tlf 53758132 / 91810798. Du kan også kontakta Tenestetorget tlf 53758000.
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut