Du er her: Heim Tenester A-Å

Koordinerande eining

Oppdatert: 27.06.2018 14:52
Generelt
Alternativt navn
individuell plan og koordinator
Omtale

Kommunen skal ha ei koordinerande eining for rehabilitering og habilitering. Koordinerande eining skal ta i mot melding om behov for rehabilitering og ha ei oversikt og plan for habiliiteringstenestene.

Koordinerande eining oppnevnar koordinator for pasient/brukar med behov for langvarig og koordinerte helse- og omsorgstenester, jf. pasient og brukarettighetsloven §2.5. Vedkommande har rett til å delta i arbeidet med sin individuelle plan, og det skal leggjast til rette for dette jf. pasient og brukarettighetsloven §3.1.Pårørande skal trekkjast inn i arbeidet i den utstrekninga pasient/brukar og pårørande ynskjer det.

Føremål med individuell plan og koordinator

  • Sikra at pasient og brukar får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod.
  • Sikra pasient og brukar sin medverknad.
  • Styrka samhandlinga mellom tenesteytar og pasient og bruker og eventuelt pårørende.
  • Styrka samhandlinga mellom tenesteytar på tvers av fag, nivå og sektorar.

Koordinator er ein tenesteytar som skal sikra naudsynt oppfølging og samordning av tenestetilbodet samt framdrift i arbeidet med individuell plan. Koordinator blir oppnevnt i forbindelse med individuell plan, men skal også tilbys sjølv om vedkommende takker nei til individuell plan.

Målgruppe

Personar med behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester og/eller sosialtenester.

.

Kriterium/vilkår

Pasient/ brukar mottek  helse-og omsorgstenester og/eller sosialtenester med behov for koordinering.

Pris for tenesten

Tenesta er gratis.


Brosjyrer, dokumenter, kart og liknande

Mal Individuell plan (kjem)

Samtykke til deling av informasjon (kjem)

 


Individuell plan og koordinator - brosjyre
Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten
Tipshefte om individuell plan
Handbok for koordinator
Hjelpetilbud i kommunen
Samhandling mellom helse- og omsorgstjenesten i kommunene og tros- og livssynssamfunn
helsenorge.no - individuell plan
Samarbeidspartnarar

Har du behov for tenester både frå kommunen og frå spesialisthelsetenesta (staten), har desse plikt til å samarbeide om å utarbeide planen.

Koordinerande eining for rehabilitering og habilitering Helse Fonna

 

 

Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå:

Barnevernlova § 3-2a
Psykisk helsevernlova § 4-1
Helse- og omsorgstenestelova kap. 7 og § 7-1
Pasient- og brukarrettigheitslova kapittel 7
Lov om sosiale tenester i NAV kap. 4
Spesialisthelsetenestelova § 2-5
Introduksjonslova § 6
Forskrift om habilitering og rehabilitering § 22
Forskrift om individuell plan i NAV


Lover
Barnevernloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Introduksjonsloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Psykisk helsevernloven
Sosialtjenesteloven
Spesialisthelsetjenesteloven

Forskrifter
Forskrift om habilitering og rehabilitering
Forskrift om individuell plan i NAV

Rettleiing
Rett til egen tros- og livssynsutøvelse
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Når du søkjer om helse- og omsorgstenester vil du bli spurt om du ynskjer koordinator og individuell plan.  

Brukar/pasient/pårørande kan også ta kontakt med helsepersonell dersom dei har behov for koordinator og individuell plan.

 

 

 

 

 

 

 

Skjema

Eigensøknad Helse- og omsorgstenester


Eigensøknad Helse- og omsorgstenester
Vedlegg

Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er nokon annan som søkjer for deg.

Søknaden sendes til

Etne kommune

Eining pleie og omsorg

Sjoargata 2 5590 Etne

Sakshandsaming

Søknad vert handsama fortløpande.

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at det vil bli gjort eit vedtak.

Klagemulighet

Høvet til å klage er heimla i den enkelte lova (sjå avsnittet om lover og retningsliner). Fylkesmannen er klageinstans etter lov om sosiale tenester i Nav, og Helsetilsynet i fylket er klageinstans etter helselovene.

Det er retten til individuell plan du kan klage på. Men dersom ein individuell plan ikkje oppfyller krava til kva ein slik plan skal innehalde (sjå forskrifta), kan du òg klage på det. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har behandla saka.

Kontaktpersonar
Hilde Høyland (Helseleiar)
Telefon: 53 75 81 21
Mobil:
Telefaks: 53 75 80 01
Epost: hilde.hoyland@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2018-06-27 14:52