Kor mange glas

Kor mange glas tåler barnet ditt?

I førjulstida går alkoholkonsumet i vêret. Dette kan gå utover mange barn. Etne kommune jobbar for å sette fokus på dette viktige temaet.

Kva julestemning inneber er vanskeleg å sette ord på. For dei aller fleste av oss handlar det om lukta av julemiddag, lyden av julesongar, kjensla av varme, ro og tryggleik av å ha familien rundt seg.

Det kan vera lett å gløyme at for svært mange barn har ordet julestemning eit anna innhald. For dei kan julestemning handle om ein kald klump i magen som kjem av usikkerhet. Kjem mor eller far til å drikke så mykje at dei forandrar seg? Kommer jula til å ende med at dei føler seg einsame, oversett eller redde? Mange av dei føler at dei må ta ansvar for at julefeiringa skal bli så vellykka som mogeleg.

– Kvart år er dessverre slik at for mange så druknar den gode julestemninga i for mykje alkohol. Mange opplever å ha familie og venner som drikk for mye saman med ungane sine. Vi veit at det fins barn som gleder seg til at jula er over og kvardagen startar igjen. Sånn bør det ikkje vera, seier Kari Randen i alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL.

Alle familiar feirer jul forskjellig og har sine vanar og rituale. AV-OG-TIL oppfordrar nå vaksne til å tenke gjennom kva som er gode juletradisjonar når det kjem til alkoholbruk. Kva tradisjonar kunne ungane våre ha vore forutan?

-  Barn er totalt avhengige av dei vaksne rundt seg og likar best når foreldra oppfører seg som dei pleier. Derfor kan det vera skremande når vaksne plutseleg endrar oppførsel på grunn av alkohol. I motsetning til oss kan ikkje barna velge å forlate festen når dei har fått nok, sier Liv Ellen Ebne, AV-OG-TIL-koordinator i Etne kommune.

Bli med – gjer ein forskjell for barn og unge!
I førjulstida vil derfor AV-OG-TIL med kampanjen Kor mange glas tåler barnet ditt? oppfordre vaksne til å tenke over korleis ein stiller seg til alkohol i samvær med barn og unge. Ikkje med peikefinger, men med eit ønske å bevisstgjera vaksne på barnas perspektiv i samanhengar der det vert nytta alkohol.

Følg AV-OG-TIL og kampanjen på Facebook Der er det stor aktivitet og rom for ettertanke og diskusjon i vekene før jul.

Mange gode krefter med på laget
Etne er ein AV-OG-TIL-kommune, og samarbeider med AV-OG-TIL om haldningsskapande arbeid. Derfor er vi også med på kampanjen Kor mange glas tåler barnet ditt? AV-OG-TIL-koordinator Liv Ellen Ebne kan du møte på Etne senter onsdag og i Ølen senter på torsdag.

I tillegg er samarbeidspartane: Actis – rusfeltets samarbeidsorgan, Barn av rusmisbrukarar – BAR, barnogunge.no – ein nettstad for barn og unge av rusmisbrukarar, Blå Kors, Den Norske Kyrkja – Kyrkjerådet, Unicef, Røde Kors, Landslaget for rusfri oppvekst, Familieklubbane i Norge, IOGT, Junior- og barneorganisasjonen JUBA, Norges KFUK-KFUM, Norsk Sykepleierforbund, Norsk Barnelegeforening, DNT og Utdanningsforbundet.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut