Frivillig_Bildet er tatt av Gerd Altmann fra Pixabay

Korleis er vilkåra for frivillig arbeid hos oss?

Ope møte i Litlesalen på Skakke tysdag 29. oktober kl 19:00.

Foto: Gerd Altmann

I vår gjennomførte Etne kommune ei undersøking i samarbeid med Frivillig Norge. Undersøkinga gjekk til alle ideelle lag og organisasjonar m.fl. for å kartlegga vilkåra for det frivillige arbeidet i kommunen vår.
I undersøkinga blei det spurt om mellom anna rekruttering av medlemmer og tillitsvalde, aktivitetsnivå,  finansiering av aktivitetane og økonomien generelt, tilgangen til eigna lokale/område/anlegg, samarbeid med andre organisasjonar, - med kommunen og - med næringslivet og endå meir!
Deltakinga i undersøkinga var svært høg her i kommunen, i følgje Frivillig Norge, og det blir nå spennande å høyra kva resultat som kom fram!


Siri Holm Lønseth frå Frivillig Norge legg fram resultata og trendane frå vår kommune, og samanliknar gjerne med resultata i andre kommunar.
Etter hennar presentasjon inviterer me til gruppearbeid rundt dei viktigaste utfordringane som kom fram, og utfordrar kvarandre til å komma med forslag til mogelege løysingar.
Det blir også ein kort pause med heilt enkel servering, og ei felles oppsummering av kvelden.


Alle involverte og interesserte er hjarteleg velkomne!


PS: Våre nye folkevalde får ein kort presentasjon på kommunestyremøtet tidlegare same dagen.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut