Koronavaksine

Koronavaksine i Etne kommune

2021 skal bli året kor me tar opp kampen mot Covid-19 pandemien. 

Ved å ta imot koronavaksine kan alle delta i denne kampen. Vaksinen skal beskytta liv og helse hos dei mest sårbare i samfunnet vårt. Den vil bli tilgjengeleg for alle over 18 år utover våren 2021 og vaksinen er gratis.

Vaksinen skal setjast 2 gonger med minst 3 vekers mellomrom.  Studiar viser at ein vil få immunitet mot korona omlag ei veke etter siste dose. Også dei som har hatt Covid-19 er anbefalt å ta vaksinen.

I starten vil talet på vaksinar vera avgrensa og det er derfor laga ei prioritert liste over kven som skal få vaksinen først. Prioriteringsrekkefølga er slik:

1. Bebuarar i sjukeheim
2. Alder 85 år eller eldre + helsepersonell3. Alder 75 til 84 år  + helsepersonell
4. Alder 65 til 74 år og enkelte personar 18-64 år med særleg høg risiko + helsepersonell
5. Alder 55–64 år med underliggjande sjukdom /tilstand
6. Alder 45–54 år med underliggjande sjukdom /tilstand
7. Alder 18–44 år med underliggjande sjukdom /tilstand
8. Andre

I veke 1 startar vaksinasjonen i Etne kommune og me har fått tildelt 15 dosar. Dei første dosane vil bli gitt til bebuarar i sjukeheim.


Samtykke
Me treng tilbakemelding frå innbyggjarar om dei ønskjer vaksine. Alle innbyggar over 65 år som har eit registrert mobilnummer vil få ein sms der det står:

 «Du vil snart få tilbod om koronavaksine i Etne kommune. Vaksinen mot korona er gratis. Den må setjast i 2 omgangar med 3 vekers mellomrom. Ynskjer du denne vaksinen? Svar på denne meldinga med JA eller NEI og namnet ditt. Frist for svar 13. januar 2021. Helsing Etne kommune»

I tillegg blir det samtidig sendt ut eit brev med meir informasjon til alle over 65 år. På denne måten vil me sikra oss om at alle i målgruppa har fått beskjed gjennom fleire kanalar. Me håpar at flest moglege svarar på sms om dei ynskjer vaksinen eller ikkje, då det kan bli stor pågang på telefonlinja dersom alle prøver å ringje inn. Me håpar at dei som treng hjelp til dette kan få det av pårørande.

Om ein takkar nei i første omgang, vil ein få høve til å ombestemme seg på eit seinare tidspunkt.

Svarfrist for å samtykke for vaksine er 13. januar. I denne tida kan ein også ringje inn på koronavaksinetelefonen 913 44 955 for å gi sitt samtykke.

Om du ikkje har mottatt brev eller sms, men bur i Etne og er over 65 år,  ber me om at du tek kontakt enten på telefon 91344955 eller sender ein e-post til koronavaksine@etne.kommune.no


Vaksinasjon
Dei som har samtykka til vaksinasjon vil få ny informasjon frå kommunen via sms omlag ei veke før aktuelt tidspunkt for vaksinering. Det vil då komme melding om at ein må bestille time til koronavaksinasjon. Dei som ikkje har mobilnummer vil me prøve å få tak i via fast-telefon.

Det er ikkje høve til «drop-in» vaksinasjon.

Time til koronavaksinasjon kan bestillast elektronisk. Det vil kome ei lenke til bestillingsportalen på sms. Bestillingsportalen er enkelt satt opp, men ein må nytta bank-ID for å bestilla for seg sjølv eller andre.

Dersom ein ikkje har bank-ID kan ein ringja koronavaksinasjonstelefonen kvardagar mellom kl. 09.00 -14.00 på tlf. 913 44 955. Du vil då bli satt opp til time. Telefonen er stengd utanom denne tida.  

Ikkje bestill time før du har fått beskjed frå Etne kommune om at det er din tur til å få vaksine.

Vaksinasjonsstad vil bli oppgitt på eit seinare tidspunkt


Forventa biverknadar
Informasjon om biverknadar er henta frå studiar der deltakarane er fylgt opp i omlag 2 månader etter 2. dose. Dei aller fleste biverknadane oppstod 1-2 dagar etter vaksinasjon, var milde/moderate og gjekk over etter nokre dagar. Biverknadane var generelt mildare blant personar ≥ 65 år. Dei vanlegaste biverknadane rapporterte var:

  • Smerter og hevelse på injeksjonsstaden
  • Trøyttheit, hovudverk, muskelsmerter, frysningar, leddsmerter, feber

 

Du kan lese meir om koronavaksinen på denne nettstaden: Koronavaksine - informasjon til befolkningen - FHI

Det kan kome endringar i planen dersom me får tilgang på mange vaksinar. Det er difor viktig å fylgje med på informasjon frå kommunen og på sms-meldingar som kan kome.

Etne kommune ved smittevernlegen håpar at så mange som mogleg ynskjer å ta imot koronavaksinen.

 

Elisabeth Winterthun
Smittevernlege

Tips ein ven  Skriv ut