Koronavaksine

Koronavaksine

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby innbyggjarane vaksinasjon.

Noreg vil få tilgang på fleire ulike vaksinetypar, men det er framleis usikkert kor raskt me får vaksinane og kan tilby dei til tilrådde grupper. 

Kommunen planlegg nå gjennomføring av vaksinasjon. Informasjon om arbeidet vil bli oppdatert på denne nettsida og på Facebook. 

Me vil seinare informera om kva grupper som vert tilrådd vaksinasjon og rekkefølgja mellom disse. Personar som vert prioritert vil bli kontakta for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje nødvendig å kontakta kommunen eller fastlege for å setje seg på venteliste. 

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis. 

Det nye koronaviruset gir infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokon blir alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdomar frå før har størst risiko for å få alvorleg sjukdom. 

I starten vil det ikkje vera nok vaksine til alle som vert tilrådd koronavaksine. Basert på råd frå Folkehelseinstituttet har Regjeringa gitt følgjande prioritering, med dei øvste prioriterte først: 

  • Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustadar
  • Eldre over 85 år 
  • Eldre over 75 år og deretter dei over 65 år 
  • Personar 18–64 år med ein eller fleire spesifiserte sjukdomar som dei har frå før. 

Førebels er ikkje helsepersonell prioritert høgare enn disse gruppene, men dette kan endra seg dersom smittepresset aukar, og dersom smittesituasjonen i helseinstitusjonane endrar seg.

Meir informasjon om koronavaksine:  

Folkehelseinstituttet si nettside: www.fhi.no/kvp  

Tips ein ven  Skriv ut