Koronavaksine

Koronavaksinering - informasjon

I dag er det sendt ut sms til alle over 65 år som har registrert et mobilnummer på seg. 

Ein skal svar JA eller NEI, og navnet sitt på denne sms og sende i retur. Ein vil få kvittering, men det kan ta litt tid. Me ser at meldingane allereie strøymer inn. Det vert i dag også sendt ut brev til alle via Altinn. Om det ikkje blir opna i den elektroniske postkassa vil det kome med vanleg post, men det kan ta litt tid. Har ein ikkje motteke sms eller brev (og er over 65 år) oppmodar me dykk om å kontakta kommunen via e-post koronavaksine@etne.kommune.no eller på vaksinetelefonen 913 44 955.

Dei som fyller 65 år i løpet av våren vil bli kalla inn på eit litt seinare tidspunkt.

Det er ikkje fastlegekontoret som administrerer vaksinearbeidet, men fastlegen kan bistå med svar på medisinske spørsmål knytt til vaksinering hjå den enkelte personen.

Helsing frå kommuneoverlege Elisabeth Winterthun

 

 

Tips ein ven  Skriv ut