Annonse kriseøving

Kriseøving

Etne kommune skal i samarbeid med SKL gjennomføra ei kriseøving onsdag 16. november.

I samband med øvinga vil kommunen testa ut UMS-varsling pr. telefon. Personar som bur i området Litledalsvatnet – Moe, nær Sørelva – og som er registert med telefonnummer i folkeregisteret vil få ei melding frå kommunen. Det blir opplyst i meldinga at dette er ei øving.

Born i husstanden som har mobiltelefon registrert på foreldre kan få ei slik melding. Meldinga er presisert med at dette er ei øving og vidare melding om evakuering.

Dersom du bur i område nær vassdraget og ikkje får melding på din mobiltelefon – ta kontakt med kommunen for å ajourføra registeret.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut