OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

KULTURelle ferieDAGAR 2022

Kultureininga i Etne kommune inviterer til kjekke aktivitetar for 1.-7.-klassingane våre som er heime i vinterferien.

Aktivitetane er spreidde gjennom heile vinterferien og går føre seg både i Skånevik og Etne. Aktivitetane er delte i tre kategoriar, og barna kan melda seg på èin (1) aktivitet i kvar kategori, totalt maks tre (3) aktivitetar. Tilbodet varierer mellom Etne og Skånevik, og barn frå Etne kan melda seg på aktivitet i Skånevik og omvendt. Hjelp til transport ved behov. Aktivitetane og transporten er gratis!

Tilbodet er eit resultat av godt samarbeid mellom Kulturkontoret, Biblioteket og Kulturskulen og frivillige organisasjonar, profesjonelle aktørar og lokale eldsjeler, og med økonomisk støtte frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Påmelding seinast søndag 20. februar!

Aktivitetane er stengt for påmelding.

Spørsmål? Kontakt Kulturkontoret ved Liv-Kari 53 75 81 28 eller Mariann 53 75 81 24, kultur@etne.kommune.no.

Til toppen