Solberg, Finn Ove

Kultur- og frivilligprisen 2018

Komite Drift har tildelt Finn Ove Solberg Kultur- og frivilligprisen for Etne kommune i 2018.

I grunngjevinga er det lagt vekt på den enorme innsatsen han har gjort for handballmiljøet i Skånevik. Finn Ove var med og starta opp handballen i Skånevik IL like etter at idrettshallen var ferdig bygd. Han har vore trenar for eitt eller fleire handballag sidan 1996 og er framleis aktiv som trenar.

Etne Kommune gratulerer Finn Ove Solberg med Kultur- og frivilligprisen 2018  – den er vel fortent !

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut