Solveig_clip

Kultur – og frivilligprisen 2019

Solveig Stølås blei tildelt Kultur- og frivilligprisen for Etne kommune i 2019 av eit samrøystes Driftsutval. 

Prisen er diplom og 10 000 kr, og blei delt ut på Frivilligdagen av varaordførar Kenneth Karlsen.

Solveig har vore gjengangar i dugnadar, omsorgsarbeid og frivillig arbeid  i ei rekke ulike lag og organisasjonar gjennom mange år.  Ho er mest kjent for innsatsen i Røde Kors , der ho har vore aktiv  i over 30 år. Ho har også vore aktiv i styrer og stell i mellom anna  Etne Skulekorps, Musikkrådet og grupper innan Etne IL. Solveig er er eit utprega ja-menneske som alltid stiller opp for andre og er med på å gjera Etne til ein betre kommune å bu i.

Etne kommune takkar Solveig for den store frivillige innsatsen ho har gjort – og framleis gjer . Me gratulerer Solveig med ein særs fortent Kultur- og frivilligpris!

Tips ein ven  Skriv ut