Kunst og handverk

Kultur- og frivilligprisen for Etne kommune

Innbyggjarane i Etne kommune viser stort frivillig engasjement året rundt, år etter år og det er avgjerande for at lokalsamfunnet vår skal fungere godt. Etne kommune vil med den nye kultur og frivilligprisen markere kor viktig det frivillige arbeidet er.

Prisen kan tildelast personar som har gjort ein aktiv innsats for å styrkje kulturlivet og/eller frivillig arbeid innan kommunen, eller personar som har bidrege til å gjere Etne kommune kjent utover landet på det kulturelle plan. Personar busett i og utafor kommunen kan komme i betraktning ved utdeling av prisen, og alle greiner av idrett/kultur og frivilliglivet skal reknast som likeverdige. Kultur- og frivilligprisen kan ikkje delast på fleire kandidatar. 

Forslag til kandidatar til prisen kan fremjast av enkeltpersonar,  organisasjonar og elles dei som måtte ynskje det. Forslaga skal meldast inn til kultureininga i Etne kommune innan 20 september. Sjå og annonse i Grannar 27. august.

Komite Drift avgjer kven av kandidatane som får prisen på 10000 kr og oppmodar alle til å sende inn forslag på kandidatar for kultur og frivilligprisen 2012.

Leif Arne Løvereide, leiar komite Drift
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut