Tjelmeland, Endre

Kultur- og Frivilligprisen til Endre Tjelmeland

Endre har stått på som inspirerande frivillig for Etnebygda i ei årrekkje.

Den kommunale kultur- og frivilligprisen for Etne kommune er på kr. 10.000, og delast ut ein gong pr. år, så sant det finnast verdige kandidatar. Torsdag fekk Endre Tjelmeland tildelt prisen for 2013.

I grunngjevinga står det følgjande:

Endre har stått på som inspirerande frivillig for Etnebygda i ei årrekkje. Han har gjort prisverdig innsats for Kulturhuset, Etnemarknaden, Ungdomslaget Fram og mykje meir.

Endre er og ein av Etne sine representantar i Sunnhordland museum si bok om mat «Levande tradisjonsmat Smaken av Sunnhordland» frå 2011. Matkultur har alltid vore ei av hans store interesser. Sæbøtunet har også alltid hatt ein kunnskapsrik person i Endre, som har vore bonde på Sæbø.

I brev frå forslagsstillar vert det og vist til at Endre er ein raus brubyggjar mellom kyrkja og andre kultursamanhengar og at han verkeleg fortenar ein slik pris.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut