Du er her: Heim Organisasjon Einingar Kultur

Kultur

Kulturskulen skal gi tilbod til alle; born, unge og vaksne der ein kan få opplæring innafor ulike kunst og kulturuttrykk gjennom individuell- og gruppeopplæring. Undervisninga vert og lagt til rette for utøving og framsyning for publikum gjennom ulike arrangement og utstillingar.(Kulturlova)

Biblioteket fremjar opplysning, utdanning og kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og anna materiale gratis til disposisjon for alle. (Lov om folkebibliotek) Biblioteket er ein møteplass med arrangement og utstillingar. Tenesta er retta mot barn, ungdom, vaksne, eldre og offentleg tenesteyting og næringsliv gjennom bl a samarbeid med barnehagar, skular, vdg skule, omsorgstenesta, lag og foreiningar.

Den norske kyrkja/Fellesrådet sitt tilbod gjeld alle innbyggjarar i Etne prestegjeld.
Den/det tek i vare administrative og økonomiske oppgåver på vegne av sokna og utarbeidar mål og planar for den kyrkjelege verksemda i Etne kommune, fremjar samarbeid mellom sokneråda og tar vare på sokna sine interesser i høve til kommunen (kyrkjelova §14)., samt forvaltar kyrkjegardar og bygg i samsvar med gjeldande lover og vedtekter (Gravferdslova § 3).

Andre kulturformål etter kulturlova er det kommunen si oppgåve å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk. Kommunen skal syte for at kulturlivet har føreseielege utviklingskår og skal arbeide for å fremja profesjonalitet og kvalitet i kulturtilbodet, m.a. gjennom økonomiske støtteordningar. Kommunen skal også verna om, fremja innsikt i og vidareføra kulturarven vår.

Kultureininga
Avdeling Kontaktperson Telefon
Kultur Nils Halleland, leiar kultur 53 75 81 24
  Liv Kari Bødtker, konstituert leiar kultur 53 75 81 28
Kulturskule Jone Foldøy Grutle, administrasjon og fagansvar 924 71 785
Bibliotek Ellen Tveit, fungerande biblioteksjef 53 75 80 80
  Marit Pedersen, avdelingsleiar Skånevik 53 75 85 34
  Ingeborg Sørheim, barne- og ungdomsbibliotekar   53 75 81 84

Gjeldande tilskotsordningar for frivillige lag og organisasjonar

Linkar:
Turistinformasjon
Etne kino
Etne kulturhus
Skånevik idrettshall
Etne Sogelag
Etnemarknaden
Sunnhordland Museum
Ferjelaget "Skånevik"
Etne Bibliotek

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut