Plakat kulturdag_laurdag_clip

KULTURDAG i haustferien

Kultureininga i kommunen inviterer til gratis Kulturdag 5. oktober for elevar i barne- og ungdomsskulen.

Kultureininga i kommunen inviterer til gratis Kulturdag 5. oktober  for elevar i barne- og ungdomsskulen som er heime denne første laurdagen i haustferien. Arrangementet er på Skakke og varer frå kl 11:00 til om lag 16:30. Det blir to økter med drøssevis av spennande aktivitetar å velja blant og pause mellom øktene med servering av lunsj til alle deltakarane.
Frå klokka 15:00 er familie og anna publikum velkomne til mingling i foajéen, og så satsar me på å vera klar til felles avslutting i kinosalen kl 15:30.

Barn/ungdom i grunnskulealder som ikkje har meldt seg på, kan gjera det til kultur@etne.kommune.no seinast i løpet av fredagen, eller møta mellom kl 10:00 og 10:30 på laurdagen. Me kan ikkje garantera verken ønska aktivitet eller plass, men fyller opp aktivitetsgruppene der det er ledig.

 

Plakat kulturdag.jpg  Plakat kulturdag_laurdag.jpg

 

AKTIVITETAR

KORTE AKTIVITETAR (ein akvitetet før- og ein etter lunsj):

Musikalsk oppdagingstur (1.-4. klasse)1 Morten.jpg
Bli med Morten (Odeén) på oppdagingstur i kulturskulen sine rom, og sjå kor mange ulike musikkinstrument de finn! Du får sjå og halda på dei, høyra kor fint dei kan låta og prøva å spela på dei, og både Aleksandar, Linas og kanskje fleira av dei andre, kjekke kulturskulelærarane  er der og hjelper deg. Kanskje du finn eit yndlings-instrument du ikkje visste om?
Dramaleik (1.-4. klasse)11 Grete Maritsdatter.jpg
Grete (Maritsdatter) inviterer deg til dramaleik, og her blir det masse fantasi, magi og litt tull og fjas. Kanskje ho tar deg med på ei tidsreise også, der de treffer ein gut som heitte Magnus og budde i Etne for 1000 år sidan…? Alt kan henda når Grete tek deg med inn i dramaverda si!
Strenge-leik (1.-7. klasse)3 Aleksandar Glisic.jpg
Fiolin kan vera magisk vakkert å høyra på, men sikkert skrekkeleg vanskeleg å spela? Nei, ikkje SÅ vanskeleg, seier Aleksandar (Glisic). Han lærer deg både å stryka med bogen og å klimpra på strengene, og lovar at når aktiviteten er ferdig, skal alle kunna spela ein melodi i lag med han!
Fargar og fantasi  (1.-4. klasse) (5.-10. klasse) - FULLT4 og 12 Aud sigrid_Økland foto KJEM NYTT.jpg
Eventyr, ord og steinar kan gi deg inspirasjon som blir til eit maleri. Aud Sigrid (Flesland) hjelper deg å vekkja fantasien og teikna fram bildet du ser for deg, og du får fargelegga med maling og oljepastell. Velkommen til ei eventyrleg og kreativ stund!
Gitar-kameratane/-venninnene  (3.-10. klasse)5 Torbjørn Tveita Reiso.jpg
Torbjørn (Tveita Reiso) vil gjerne spela nokre knalltøffe songar i lag med deg i gitargruppa si! Du må helst kunne litt gitartabulatur/-noter, men du treng ikkje meir enn du har lært i musikktimane på skulen. Det blir viktig både å spela sjølv og å lytta på andre. Kanskje du får nye gitarkameratar eller –venninner?
Songkor og korsong (3.-7. klasse)  (8.-10. klasse) - AVLYST6 og 23 Audny og Monica.jpg
Er du glad i å synga og har lyst å prøva deg i eit kor? Audny og Monica er to ekstremt og songglade og engasjerte damer som elskar å få barn og unge til å synga! Nå har dei plukka fram ein godlåt, og har stor tru på at gruppene klarar framføra den som eit felles kor før dagen er slutt. Bli med, då vel!
Blanke messingen (3.-7. klasse)7 Linas.JPG
Lyst å vera ein ekte musikant eller til og med korps-dirigent? Det finst alle slags  messinginstrument frå ganske små til digre, og du får velja kva for eit du har lyst å spela på.  Linas (Dakinevicius) lovar mykje messing-gøy, og at alle klarar å blåsa lydar som blir til musikk før aktiviteten er slutt.
Pipekaos (3.-7. klasse) (8.-10. klasse)8 og 15 Solveig Sørheim.jpg
Solveig (Sørheim) inviterer til å bli kjent med «instrumenta si dronning»! Nei, det er ikkje Solveig, men kallenamnet på orgelet ho spelar på. Orgelet blir kalla dronninga blant instrumenta fordi det er mange forskjellige instrument samla i eitt, som eit heilt orkester! Bli med og lær om orgelet, spel på det, og ikkje minst: Bli ein del av orgelet sjølv! Kva det tyder? Vent og sjå…!
Marimba (3.-7. klasse) (8.-10. klasse) - AVLYST9 og 16 Mauricio Weimar.png
Mauricio (Weimar) kjem frå Kvinnherad med bilen full av store marimbaer og trommer. Ein marimba er ein type slagverks-instrument i tre, som ein diger sylofon. Å spela er så enkelt at du treng ingen musikkunnskap frå før, og den muntre, Sør-Afrikanske  musikken skal svinga skikkeleg på Skakke denne dagen! Sjekk lenka så får du garantert lyst å bli med: https://www.youtube.com/watch?v=EFohw8JTH9g
Dans (3.-7. klasse)10 Lena og Maria - utsnitt!.jpg
Kom og ha det kjekt med dans, leik og musikk! Lena og Marie frå Turngruppa i Etne IL gler seg til å læra deg «På stedet-dans», ein lett dans med rytmiske kroppsbevegelsar til musikk som du likar.
Drama-queens and -kings (3.-7. klasse)11 Grete Maritsdatter.jpg
Har du lyst til å testa om du har teater-talent? Saman med Grete (Maritsdatter) får du øva inn små, løgne sketsjar, finna den rollefiguren som passar deg og bli tryggare på deg sjølv. og kanskje du tør framføra dei på scena? Uansett, dette blir mykje latter og løye!
Hatten, tusjen og spørsmålsteiknet?  (4.-10. klasse) - FULLT13 Ingeborg Sørheim2.jpg
Bli med Ingeborg (Sørheim) på biblioteket på gøyal og uhøgtidleg tekst-verkstad. Me testar ut tre ulike kreative måtar å laga ein tekst på, «hatten», «tusjen» og «spørsmålsteiknet» - kva dette inneber veit me ikkje enno…J Til slutt får trykka den beste  teksten din på eit tøynett du kan ta med deg heim.
Band (6.-10. klasse) - AVLYST5 Torbjørn Tveita Reiso.jpg
Ungdomsskule-elevar avslører korleis ein kan setje saman lette songar og likevel få det til å høyrast tøft ut når ein spelar det i lag med andre – i band! Få med vennene dine, - du treng ikkje ha spelt mykje før for å melda deg på her. Torbjørn (Tveita Reiso) er med som mentor og hjelpeinstruktør.

 


LANGE AKTIVITETAR (same aktiviteten både før og etter lunsj):

Teikneserie  (6.-10. klasse)17 Martin Menzoni - har eit betre, men kjedelegare.JPG
Multitalentet Martin Mentzoni lærer deg ulike metodar og teknikkar på kkorleis ein teikneserie kan settast opp, med manuskript, rute-inndeling, karakter og story. Når workshopen er slutt har du truleg laga di eiga side med teikneserie-striper, og kanske blir det eit heilt hefte?!
Sjå meir om korleis Martin jobbar https://www.youtube.com/watch?v=KXbuJWnzZHk

Youtubing (7.-10. klasse) - FULLT18 Kristina.jpg
Kristina (Halsnes) lærer deg om livet som youtubar. Her får du vera med og komma opp med idear til ein film. Etter de har filma ein morsom video, legg de på kule effektar og musikk for å gi den meir liv. Kanskje du også blir ein youtubar?

Sjå meir av Kristina på https://www.youtube.com/results?search_query=kristina+halsnes

Scenegøy (7.-10. klasse)19 Mathias Høyland.jpg
Har du drøymt om å kunna fengsla eit heilt publikum? Mathias Høyland har hatt store roller både ved Haugesund Teater og nå sist under Pippifestivalen og forteljestunda på Etnemarknaden. Han lærer deg nokre triks for å bli tryggare på scenegolvet. Her er plass til dine eigne scene-påfunn, og me håpar å sjå nokre frå denne gruppa som programleiarar på avslutnings-showet . Blir det deg?
Kunstnar for ein dag  (7.-10. klasse) - AVLYST20 Jan Terje_dårleg, leitar etter betre.jpg
Jan Terje Rafdal, Etne sin populære kunstnar, opnar atelieret sitt, og der får du prøva deg på  trykkteknikken grafikk. Deltakarane får kvar si metallplate som du preparerer med hardgrunn, ein type voks brukt i metallgrafikk. Overflata på plata kan då teiknast i med med ei nål som skraper vekk voksen. Plata kan så leggjas i eit kar med koparsulfat, salt og vatn. Streken som er rissa inn blir då etsa ned i metallet, og det blir eit spor som fangar opp trykkseveta. Altså ei trykkplate. Du får også vera med å sverte inn plata og slå av, og sjå korleis ein brukar trykkpressa. Alle får trykka minst eit ferdig trykk som du kan ha med deg heim.
Lyd-teknikk (7.-10. klasse) - FULLT21  Torleif.jpg
Bli med Torleif Helvik frå ABC Studio. Der driv han med lydteknikk i alle former, både for studio , teater og konsertar. I lag med han får du eit innblikk i korleis du jobbar med lydteknikk og du får prøva deg som live-lydteknikar på avsluttingsshowet vårt. Ein knallviktig del av førestillinga, men du slepp å stå på scenen. Og kanskje gir dette meirsmak? Lydfolk er det alltid bruk for!
Film- og foto (7.-10. klasse)22 Elin Sørheim2.jpg
Vil du vera med å filma, intervjua, redigera og knipsa stills? Elin Sørheim (som har jobba m.a. i NRK) tek med litt diverse kamera, redigeringsverktøy, penn og papir og i sekken har ho nokre triks å læra vekk. Du kan vera med å laga nyhetssak, bakomfilm, ta fine stillbilde, stilla gode spørsmål og fanga gode situasjonar på film. Me vil kjenna på tidspress og jobba tett opp mot deadline, og resultatet håpar me å få visa på avslutninga.
Eig du kamera eller smarttelefon kan du ta det med deg, men ellers deler me på det som finst. 
Hip Hop Dance Workshop  (8.-10. klasse) - AVLYST24 Dans hip hop.jpg
Lær sprek koreografi med kule «moves» til kjekk musikk. Denne aktiviteten passar sjølv om du har null danse-erfaring frå før. Mari K. Kjellesvik frå Turngruppa i Etne IL har plenty erfaring med dans, og gledar seg til å læra det vidare til deg, og kanskje finn du ut at dans er DI greie også?!

 

Dette haustferie-tilbodet er gjort mogeleg fordi me har søkt og fått økonomisk støtte frå BufDir, fordi engasjerte medarbeidarar i Kulturskulen, Biblioteket og Kulturkontoret hadde lyst å få dette til og fordi mange andre ressurspersonar har sagt ja til å vera med og hjepa!  Me er skrekkeleg spente og håpar på god repsons på Kulturdagen!

Her er mange aktivitetar å velja i, og deltakarane må velja tre alternativ når dei melder seg på. Dei endelege aktivitetane blir sette opp ut frå ønska til dei påmelde, og deltakarane får tilsendt informasjon om kva aktivitetsgruppe(r ) dei er komne med på til føresette sin e-post.

PS: Føresette kan få lov å vera med «på sidelinja» i aktivitetane viss barnet helst vil ha nokon med.

 

PDF av brosjyren som blir delt ut på skulane: Brosjyre kulturdag.pdf

Spørsmål? Ta kontakt med kulturkontoret ved Liv-Kari tlf 53 75 81 28 eller Morten 53 75 81 24.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut