Vignett

Kulturdag

Laurdag 3. oktober i Etne og Skånevik for barn og ungdom 1.-10. klasse

Murad 10 år regnboge_clip
Teikna av Morad Rezk Al Swedani

Arrangementet denne første laurdagen i haustferien er gratis, og ope for alle elevar i grunnskulen i Etne kommune
Dei som vil vera med, må melda seg på på førehand. Deltakarane vel ønska aktivitetsgruppe ved påmelding, og eitt alternativ dersom ønska gruppa blir full. Me fordeler etter «første mann til mølla»-prinsippet. NB: Me må avgrensa deltakartalet på gruppene, og kan ikkje garantera plass til alle som melder seg på.

Deltakarane er i same gruppe heile dagen, og det blir servert lunsj i kvar gruppe mellom dei to aktivitetsøktene.
Transport kan ordnast ved behov.
Etter påmeldingsfristen er omme, får deltakarane e-post om kva aktivitetsgruppe dei er komne med på, om dei står på venteliste, oppmøte og annan nyttig informasjon.

Sjå meir info og bilete frå aktivitetane på Facebook

Siste frist for å melda seg på er 28. september!
Det blir ikkje mogeleg å melda seg på etter fristen!

Program.jpg

Program2.jpg

Brosjyre kulturdag_Side_4.jpg

Tips ein ven  Skriv ut