Kultuell feriedag

Kulturell feriedag også i 2020

Også i år vert det ein kulturell feriedag, set av laurdag 3. oktober.

Kultureininga arrangerte for første gong i fjor ein kulturdag for barn og unge i samband med haustferien. Eininga har også i år søkt og fått 100.000 kroner frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet til eit liknande arrangement. Det er vanskeleg å seia kor mange deltakarar me kan ha og kva aktivitetar og opplegg det blir, for det må tilpassast gjeldande retningsliner i høve til korona-situasjonen. Men me kan seia at det blir! Så set kryss i kalenderen på laurdag 3. oktober og begynn å gle dykk. Meir informasjon og informasjon kjem når skulane startar opp igjen til hausten. I mellomtida kan de sjå filmsnutten frå arrangementet i 2019.

 

 

 

Tips ein ven  Skriv ut