Vignett

Kulturell feriedag til hausten

Laurdag 5. oktober inviterer kultureininga i Etne alle som går på barne- og ungdomsskulen til KULTURDAG. 

Illustrasjon: Måleri av Eline Ekornrud; elev i Etne kulturskule

Denne dagen skal det myldra på aktivitetsgrupper der barn og unge får spela, dansa, dramatisera, synga, fortelja, miksa  lyd, vlogga, mala, animera, dikta, laga teikneserie, gjera sirkuskunster, filma, og endå meire – kort sagt: prøva forskjellige, kreative uttrykksformer på papir, lerret, scene eller PC. Gruppene blir tilpassa ulike alderstrinn. Aktivitetsleiarar blir både våre eigne ressurspersonar frå kulturskule og bibliotek (både tilsette og elevar, håpar me), og innleigde artistar/instruktørar. Dagen blir avslutta med ei fellessamling der deltakarar, familie og publikum kan få sjå og høyra kreative resultat frå deltakarane.
Arrangementet skjer på Skakke, og blir eit gratis ferietilbod denne første laurdagen i haustferien.
Det blir sett opp transport frå Skånevik og eventuelt andre plassar i kommunen ved behov.

Detaljert program med påmelding blir klart etter sommarferien, men set av dagen alt nå for dette vil de ikkje gå glipp av!

 

Arrangør:
Kulturskulen, Biblioteket og Kulturkontoret
med støtte frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut