Du er her: Heim Organisasjon Einingar Kultur

Kulturvern

Etne kommune er blant dei mest innhaldsrike kommunane på Vestlandet, når det gjeld kulturhistorie.
Forvaltning av freda kulturminne er i stor grad Hordaland Fylkeskommune sitt ansvar, men kommunen samarbeider einskilde plassar om tilrettelegging, skjøtsel, infotiltak, o.l. Vi er òg involvert i ulike bokprosjekt, og framleis står det att eit par band med allmenn bygdehistorie for Etne. Kommunen har òg støtta mange hovudoppgåver med historiske tema, m.a. om hellerisningar, kyrkjer, husmannsvesen, kristningstida og kårskipnaden.
For oversyn over kulturminne og andre attraksjonar i Etne kommune, sjå reiselivssidene.

Kulturvernprosjekt

  • Planlegging av tusenårsstaden på Stødleterrassen. Samarbeid med Etne Sogelag, grunneigarar, Hordaland Fylkeskommune m.fl.
     
  • Kulturhistorisk vegvisar for Etne kommune. Planlagt bokutgiving hausten 2001.
     
  • Sikring av gamle foto. Utstilling på Etnemarknaden og deretter på Tinghuset.
     
  • Samle og presentere historia til sardinfabrikken i Skånevik. Utstilling på Motormuseet.
     
  • Stadnamn: Innsamling og systematisering.
     
  • Postvegen Etne - Skånevik (omlegging av vegen sør frå Skånevik) og postvegen i Rullestadjuvet (lokalt initiativ, bygging av bru over Daleelva, m.m.).

 
Kulturvernlinkar
Bergkunst (Miljøstatus i Norge/MD)
Kulturminner og kulturmiljø (Miljøstatus i Norge/MD)
 
Universitetet i Bergen. Historisk institutt (slektsgransking etc. i Digitalarkivet).