Kunngjering av godkjend reguleringsplan for E134 Lauareid – Håland – Bakka, Stordalsprosjektet

Kommunestyret har i sak 111/11 i møte 15.12.2011 endeleg godkjend reguleringsplan for E134 Lauareid – Håland – Bakka, Stordalsprosjektet.

Kommunestyret har i sak 111/11 i møte 15.12.2011 endeleg godkjend reguleringsplan for E134 Lauareid – Håland – Bakka, Stordalsprosjektet etter § 12-12 i Plan- og Bygningslova:

”Med heimel i Plan- og bygningslova § 12-12 vert framlegg til reguleringsplan for E134 Lauareid – Håland – Bakka, Stordalsprosjektet, godkjend slik det ligg føre.Plankartet er dagsett 24.10.2011 og føresegnene er dagsett 12.12.2011. Riksantikvaren sine eventuelle krav skal etterkomast”.

Planområdet er no regulert til ny trasé for E134 med nødvendig sideareal.

Her er lenker til:

- Plankart:

Plankart 1

Plankart 2

Plankart 3

Plankart 4

Plankart 5

Plankart 6

 

Føresegnene til planen  

Vedtak (Møtebok)

Reguleringsplanen er også å finne på Tinghuset i Etne. Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 82 30.

Kommunestyret sitt endelege vedtak kan i hht §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova, jfr. forvaltningslova kap. VI, påklagast til departementet. Eventuelle klagar skal leverast skriftlig til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: Firmapost@etne.kommune.no. Klage må sendast inn innan 06.02.2012 (3 veker etter at annonsa står i avisa).

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 - tre - år frå denne offentlege kunngjeringa av vedtaket, jfr. § 15-3 i plan- og bygningslova. Eventuelle krav må leverast skriftlig til Etne kommune.
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut