Kunngjering om retting i matrikkelen – Folgefonna statsalmenning

Statskog SF som grunneigar har i medhald av §26 i matrikkellova sendt inn krav om retting i matrikkelen for gnr.151 bnr.1 Folgefonna statsallmenning. Grunneigedomen låg som eierløs teig og var markert som fiktiv 8-kant og ikkje med reelle grenser.

Matrikkelen er no retta ved at grenser er lagt inn i matrikkelkartet i samsvar med jordskiftesak 1/1974 og 16/1976 i Sunnhordlang jordskifterett. Bruksnamnet er endra til Folgefonna statsallmenning etter ynskje frå Statskog SF. Retting kan sjåast på www.fonnakart.no
Endringa i matrikkelen er gjort i mehald av §26 i matrikkellova.
For nærare opplysningar ta kontakt med Etne kommune v/oppmålingsavdelinga på tlf. 53758000.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut