Kunngjering om utlegging av eigedomsskattelista for 2015

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2015 (K-sak 065/14), og med heimel i eigedomsskattelova § 15, vert eigedomsskattelista lagt ut til offentleg gjennomsyn i 3 veker frå 27. februar 2015.

Lista viser dei skattepliktige eigedommane med adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakst, skattesats, og utrekna skatt for 2015. Lista er tilgjengeleg for alle, og er lagt ut på Tinghuset og på kommunen sine nettsider i denne artikkelen.

Takstane gjeld frå og med 2015 og står fast i ti år framover, med unnatak for bustader med formuegrunnlag, der taksten vil endre seg i tråd med denne. Skattesatsen er 3 promille for bustad- og fritidseigedomar og ubebygde tomter. For andre skattepliktige eigedommar er satsen 7 promille.
Eigedomsskatten forfell til betaling i 3 terminar i 2015, saman med kommunale avgifter med forfall i mai, august og november.

Nye bustadhus (påbyrja etter vedtak om innføring av eigedomsskatt, 17. desember 2013) får fritak frå eigedomsskatt etter § 7c Nybygde bustadhus i 5 år frå ferdigattest/mellombels bruksløyve er skrive ut.

Klage på eigedomsskattetaksten kan setjast fram kvart år i samband med utskrivinga av eigedomsskatt. Klagen må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker. Etne kommune, Eigedomsskattekontoret, Postboks 54, 5591 Etne eller på e-post til eigedomsskatt@etne.kommune.no . Merk klagen med gards- og bruksnummer, og ev. feste- eller seksjonsnummer.

Klagefrist er 13. april 2015.

Rammer og retningslinjer for eigedomsskatt Etne kommune.pdf

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut