Foto_tippemidler

Kva kan ein få Spelemidlar til, kven kan søkja og korleis?

Kultureininga inviterer til Informasjonsmøte om Spelemiddelordninga i kaféen på Skakke onsdag 24. oktober kl 18:00 til ca 20.00.

 

Dei fleste tenkjer «idrettsanlegg» når dei høyrer ordet «Spelemidlar» (tidlegare «Tippemidlar», men  ordninga opnar for tilskot til mykje meir enn dette! Til dømes aktivitetspark i byggefeltet, tursti, kulturbygg, tufte-park og mykje anna. Ein kan få tilskot til både nyetableringar og renovering/oppgradering av eksisterande.  Bjørg Larsen frå Kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland Fylkeskommune gir praktisk info og råd knytt til Spelemiddelordninga. Meir informasjon finn du her https://www.anleggsregisteret.no/

Kommunen er saksbehandlar for  tilskotsordningane  til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, til friluftslivstiltak og til kulturarenaer, og det er desse ordningane me skal sjå nærare på. (Spelemiddelordninga omfattar også hytter og løypetiltak i fjellet, men her er Turistforeninga saksbehandlar.)
Lag, organisasjonar og eldsjeler velkomne! Ta gjerne med bærbar PC/nettbrett for praktisk rettleiing.

Fint viss me får påmelding med namn og kva lag som er representert seinast i løpet av måndag 22. oktober til kultur@etne.kommune.no.

Me håpar på godt frammøte som kan gi inspirasjon og realisering av nye prosjekt i kommunen!

Minner om at prosjekt som tenkjer søkja om Spelemidlar dette året, må kontakta Kulturkontoret v/ Morten Odéen snarast for å få nye tiltak registrerte. Frist for levering av den elektroniske søknaden med vedlegg er 5. november.


mvh
Kultureininga

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut