Peparen, Skånevik

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for andre gong i 2013. Fristen for å sende inn forslag er 26. februar. Hordaland fylkeskommune oppfordrar alle kommunar og innbyggjarar å foreslå stader i Hordaland.

- Vi veit at det vert gjort mykje godt arbeid med å utvikle stader over heile fylket, og vi veit at folk som bur her er svært stolte av heimstaden sin. Denne prisen skal heidre dei som gjer det lille ekstra for å skape attraktive stader, og eg vil nesten bli overraska dersom nokon er betre enn oss i Hordaland på dette, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

Alle kan levere inn forslag på kandidatar. Forslaga må gje ei kort skildring av kva som gjer staden attraktiv, og kva tiltak som har hatt effekt for dette. Forslag kan sendast til www.facebook.com/norges.beste.stedinnan 26. februar 2013. Sjølve prisutdelinga vil skje i siste del av mai. 
Formålet med kåringa er å framheve og heidre kommunar og/eller andre aktørar som har vist vilje og evne til å skape ein levande og attraktiv stad å bu, arbeide, drive næring og besøke. Kåringa skal bidra til å løfte fram forbilde som kan inspirere andre til innsats. Vinnaren får 250 000 kroner som skal gå til vidare utvikling av staden.
Prisen kan gjevast til ein kommune og/eller andre aktørar som har involvert offentlege, private og frivillige krefter til gjennomføring av tiltak som har ført til kvalitetsmessig og estetisk opprusting av staden. Opprustninga har teke vare på og vidareutvikla staden sin eigenart på ein nyskapande og berekraftig måte, gjennom god utforming av fysiske omgjevnader. Gode planprosessar og innbyggjardeltaking blir også lagt vekt på. Tiltaka skal ha bidrege til å auke stadens attraktivitet og folks oppleving av trivsel, tilhøyre og stoltheit for staden.
- Eg håper det kjem mange forslag frå Hordaland, og oppmodar både kommunar, verksemder, organisasjonar og innbyggarar til å foreslå kandidatar. Det bør vere et mål at vi får fram alle dei stadene som gjer at folk trivst med å bu her i fylket, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.
Juryen, som er leia av Erling Dokk Holm, tek imot forslag fram til 26. februar, og prisvinnaren kan vente seg besøk av kommunalminister Liv Signe Navarsete i slutten av mai. Hos Distriktssenteret kan du lese mer om prisen: www.distriktssenteret.no
For fleire kommentarar:
Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, tlf. 924 50 196. 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut