Du er her: Heim Tenester A-Å

Kvardagsrehabilitering

Oppdatert: 14.02.2019 10:52
Generelt
Omtale

Kommunen vil bidra til at akkurat DU kan ha ein aktiv alderdom med god livskvalitet, og difor har me eit tilbod som heiter kvardagsrehabilitering. Dette er for deg som ynskjer å bu heime lengst mogeleg, til trass for byrjande funksjonsfall. Det er ei tidsavgrensa oppfølging, der du kan få støtte, vegleiing og trening i eigen heim, for å meistra kvardagen din betre. Eit team beståande av fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar bistår deg. Fokuset er trening i daglege gjeremål i eigen heim, og utgangspunktet er kva du tykkjer er viktig å meistra i din kvardag.

Eksempel på trening: Me kan trena på å gå i trappa, komma inn og ut av bustaden, dusja utan hjelp, mm. Ved behov kan me hjelpa med tilrettelegging av bustad. Me kan hjelpa deg med å ta opp att hobbyar eller sosiale aktivitetar.

Kva kan du forvente av oss?

Me kjem heim til deg og vegleiar og støttar deg i det som du synest er viktig å meistre i kvardagen. For å oppnå dette jobbar me intensivt  saman med deg i ei avtalt periode. Evaluering av framgang og evt justeringar vil skje undervegs. 

Kva kan me forvente av deg?

Du er motivert til å gjere ein innsats for å nå dei måla du har sett, slik at du i størst mogleg grad kan vere aktiv i eige liv - i eigen heim. 

Du vil etter avslutta rehabiliteringsperiode gjera det du kan for å oppretthalda aktivitets- og funksjonsnivået du har oppnådd. Sjølv om tilbodet er tidsavgrensa ynskjer me at det skal ha ein positiv effekt på livet i lang tid framover!

Målgruppe
  • Du som ynskjer å vere aktiv og bu heime
  • Du som er motivert til å klare deg sjølv
  • Du som opplever ein reduksjon i funksjonsnivå, eller har risiko for å miste funksjon
  • Du som ynskjer å ta opp igjen aktivitetar som du tidlegare har vore sjølvstendig i, men du nå må ha hjelp til
  • Du som søker helse- og omsorgstenester for fyrste gong, eller søker om meir teneste
  • Du som opplever utfordringar i kvardagen etter sjukdom/skade
Pris for tenesten

Tenesta er gratis


Brosjyrer, dokumenter, kart og liknande

Dersom du ynskjer å lese meir, kan du sjå på denne foldaren:


kvardagsrehabilitering
Regelverk

Sjå tentestestandard for helsehjelp i heimen


Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Sjå tenestestandard for heimesjukepleie.

Skjema
Søknad om helse- og omsorgstenester
Søknadsfrist

Fortlaupande

Søknaden sendes til

Etne Kommune, Pleie og Omsorg

Sjoarvegen 2

5590 Etne

Sakshandsaming

Sjå tenestestandard for helsetenester i heimen.

Klagemulighet

Sjå tenestestandard for helsetenester i heimen.

Kontaktpersonar
Hilde Høyland (Helseleiar)
Telefon: 53 75 81 21
Mobil:
Telefaks: 53 75 80 01
Epost: hilde.hoyland@etne.kommune.no
Reidun Holmefjord Børve (Leiar PLO)
Telefon: 53758142
Mobil: 97148988
Telefaks:
Epost: reidun.holmefjord.borve@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2019-02-14 10:52