Blide blomar

Kveldskafèen for kreftberørte inviterer til sommaravslutning på Bjoa

Sommaravslutninga skal vera heime hjå Kari og Leiv på Bjoa 1. juni frå klokka 17.30 til klokka 20.00.

Adresse for kvelden er Apalvikvegen 82.

Det blir felles transport fra Statoil i Ølensvåg kl 17.10 for dei som ynskjer det.

Er veret bra samlast me på terrassen, og kanskje ein tur rundt i hagen.

Vert veret dårleg foregår det heile inne på lageret.

Liv Hansen les opp nokre koselege fortellingar for oss.

God mat skal det også bli, og tid til drøs.

Kvelden avsluttast med musikk og song.

BÅDE GAMLE OG NYE DELTAKARAR ER HJARTELEG VELKOMMEN

Påmelding innan 27. mai til kreftkoordinator Line Cecilie Steen på tlf 902 84 271

Pris kr 100 pr pers

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut