Hordaland fylkeskommune

Kven fortener Miljøprisen?

Send inn forslag innan 1.1.2013.

 
Hordaland fylkeskommune sin miljøpris skal vere til heider og stimulans
for einskildpersonar, lag og verksemder som har utmerka seg innafor
klima- og miljøvernarbeid i året som gjekk. Ved tidlegare tildelingar har
både generelt miljøarbeid og gode miljøtekniske løysingar vore vinnarar.
Døme på tema frå tidlegare vinnarar er lokalt miljøarbeid, vassdragsvern,
biologisk mangfald, miljøleiing og aksjonsgrupper med fokus på spesielle
miljøutfordringar i lokalmiljøet (kraftliner, ubåtvrak og bombefelt).
Alle kan foreslå kandidatar til prisen. Forslaget må vere grunngjeve.
Ver venleg å merke søknaden med:

«Miljøprisen 2012, Ref: 201209127»
 
 
Kontaktperson: Stina E. Oseland, tlf 55 23 91 45
epost: stina.oseland@hfk.no
 

 

 

Prisen er på kr 50.000,-.

 

Frist 1. januar 2013
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut