Kyrkjevalet 2011

Kyrkjevalet 2011

Førehandsrøysting, valkort og utlegging av manntal

Ved Kyrkjevalet 2011 skal det veljast sokneråd og leke medlemer til bispedømerådet. Valet finn stad 11.-12. september 2011.

ETNE SOKN
Sundag 11. september 2011 etter gudstenesta Stødle kyrkje
Måndag 12. september 2011 kl. 09:00-20:00 Etne kulturhus
Måndag 12. september 2011 kl. 15:00-20:00 Rygg skule
Måndag 12. september 2011 kl. 15:00-20:00 Sævareid skule

SKÅNEVIK SOKN
Måndag 12. september 2011 kl. 15:00-20:00 Fjære skule
Måndag 12. september 2011 kl. 15:00-20:00 Sævareid skule
Måndag 12. september 2011 kl. 09:00-20:00 Skånevik skule

Røysteføre er alle døypte medlemer av Den norske kyrkja som er over 15 år, eller som fyller 15 år i 2011.

Førehandsrøysting:

Det vil være mogleg å røyste på førehand i tida 10. august - 9. september 2011.
Førehandsrøysting i Etne og Skånevik sokn finn stad:
Kyrkjekontoret mandag - fredag kl. 10 - 13
Gjerde kyrkje søndag 4. september etter gudstenesta
Skånevik kyrkje søndag 4. september etter gudstenesta

Valkort:

Alle som er førte opp i Den norske kyrkja sitt medlemsregister med røysterett vil få valkort og nærare informasjon i veke 31-32. Den som får valkort, men ikkje er medlem i Den norske kyrkja, kan kontakte kyrkjekontoet, for å få retta opplysningane i Den norske kyrkja sitt medlemsregister. Det same gjeld for den som er medlem i Den norske kyrkja, og ikkje har fått valkortet. Medlemsregisteret er grunnlag for kyrkjeleg manntal.

Ettersyn av manntal:

Kyrkjeleg manntal for Etne og Skånevik sokn er lagt ut til ettersyn på kyrkjekontoret i Etne, i den vanlege opningstida til kontoret i perioden 10. august til 9. september. Det er berre høve til å kontrollere opplysningane som vedkjem ein sjølv, eller ein annan person som ein har fått skriftleg fullmakt frå. Den som meiner at ein sjølv eller nokon annan feilaktig har vorte ført inn eller utelaten frå manntalet i soknet, kan krevja at valstyret rettar feilen. Kravet skal være skriftleg og grunngjeve.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut