blom 150210 013

Lågt sjukefråver i Etne

Bedriftene i Etne kommune har lågast legemeldt fråver i Hordaland 4.kvartal 2009.
Etne kommune som største arbeidsgjevar hadde eit legemeldt fråver på 3,3 % i same periode.

Bedriftene i Etne kommune har lågast legemeldt fråver i Hordaland 4. kvartal i 2009 med eit gjennomsnittleg fråver på 3,9%. Etne kommune som største arbeidsgjevar hadde eit legemeldt fråver på 3,3% i same periode, og er med det med på å dra ned snittet for heile kommunen.

 
I tillegg til det legemeldte fråveret kjem eigenmeldt fråver. Etne kommune har dei siste åra hatt ei positiv utvikling på det totale fråveret og hadde i 2009 eit fråver på 4,9%. Etne kommune har jamt fokus på sjukefråver, og opplever å ha eit godt samarbeid med legane, NAV Arbeidslivssenter, NAV lokalt og bedriftshelsetenesta i arbeidet med å redusere sjukefråver.
 
 
 
 
 
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut