ammeku

Lær meir om husdyrgjødsel

Husdyrgjødsla er verdfull. God handtering av gjødsla kan vera utfordrande. Då kan eit informasjonshefte vera til hjelp.

Eit nytt informasjonshefte frå Norsk Landbruksrådgivning fokuserer på husdyrgjødsel i Vestlandslandbruket. Husdyrgjødsla inneheld mange naudsynte plantenæringsstoff. Ved rett bruk vil ein oppnå høgare avlingar, samstundes med at ein kan bruka mindre og billegare handelsgjødsel.

Mange gardbrukarar synest det er utfordrande å handtera husdyrgjødsel på ein god måte, ikkje minst på Vestlandet der areala er små og mange stader spreidde. I det nye informasjonsheftet fokuserer ein særleg på dei utfordrandande sidene ved husdyrgjødsel.

Les meir hos Fylkesmannen i Hordaland.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut