
Lansering av Haugalandsløftet
Kommunane på Haugalandet hadde langt fleire born og unge på spesialundervisning enn landsgjennomsnittet. Mange barnehagar og skular klarer ikkje å leggje til rette for tilpassa opplæring for barna aleine. Noko måtte gjerast, og Haugalandskommunane brukte dei gode erfaringane dei hadde med samarbeid på andre felt for å skipa prosjektet.
Haugalandsløftet er difor blitt ei samling med ti kommunar og ei rekke andre statlege og lokale aktørar som arbeidar med, eller utdannar spesialpedagogar og hjelpeapparat i skule og barnehage, sjå liste med deltakarar nederst.
Ein så omgripande organisasjon og rask aksjon vekker oppsikt i heile Noreg: I januar 2011 var barnehagesjefar, skulesjefar, PPT leiarar og andre samla for å presentere ideane bak Haugalandsløftet, og i no juni kom det oppmuntrande signal frå Kunnskapsdepartementet om å arbeide vidare med slike løysingar: Haugalandsløftet er ein unik samarbeidsarena for statlege og kommunale aktørar, kor samhandling og kompetanse står i høgsete. Stortingsmelding nr 18 om spesialundervisninga etterlyste nettopp slike prosjekt med ”interkommunale samarbeid” på opplæringsfeltet.
No er planfasen allereie evaluert og tida har kome for å lansere Haugalandsløftet, som varer ut 2017. Høgskule, statlege aktørar og dei ti kommunane skal finansiere dei neste stega saman, fram til 2017 i fyrste omgang.
30. august er det stor lansering i Tysvær kulturhus, der om lag 300 aktørar frå alle sektorar vil vere til stades.