Legevakt

Telefon: 116 117

Alle kommunar i Noreg har ein legevaktordning for øyeblikkeleg helsehjelp heile døgnet. Ring 116 117 for å komma i kontakt med legevaktsentralen i området der du er.

Er det akutt og står om liv, ring 113.

Legevakta for Etne og Vindafjord ligg i Ølen, på baksida av Ølen omsorgssenter.

Adresse: Rådhusplassen 32, 5580 Ølen.

 

Frå kl. 15.30 til kl. 23.00 vil alle som vender seg til kommunen bli behandla i Ølen. Etter kl 23.00 er det berre livstrugande og alvorlege hendingar som vert behandla i kommunen.

Mindre alvorlege hendingar vert behandla av Haugesund legevakt, sjå eigne nettsider.

Meir informasjon om korleis legevakta skal nyttast, finn du på helsenorge.no

Tips ein ven  Skriv ut