Aage J. Barlund

Lesefest for barna

På måndag arrangerte biblioteket lesefest for barna som hadde delteke i Sommarles.

Sommarles 2016 var eit nettbasert leseprosjekt for 1.-7. klasse som varte frå frå 1. juni – 31. august. Deltakarane leste og registrerte bøker, fekk lesetips og løyste oppgåver på nettsida sommarles.no. Her fekk dei også tilgang til ei superspanande fantasyforteljing og klatra i levels som gav digitale trofèar og premiar. Heile 61% av elevane i Etne og Skånevik har registrert seg i prosjektet. Det er 2. beste bibliotek i Hordaland og på landsbasis, av 185 deltakande kommunar, var det berre 9 bibliotek som hadde meir deltaking enn oss. Over 200 000 sider og godt over 2000 bøker er lest og registrert! Den ivrigaste lesaren hadde lest 65 bøker og 13 000 sider! Mange hadde lese mellom 20 og 40 bøker! Biblioteket feira avslutninga med show av tryllekunstnar Steinar Thelen for omlag 160 deltakarar i kinosalen. 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut