hjort

Lever "sett hjort" på nett

Direktoratet for naturforvaltning har utarbeida ei elektronisk innleveringsløysing for sett elg- og sett hjort-skjema.

I haust kan sett elg og sett hjort leverast elektronisk, enten via smarttelefon, nettbrett eller PC.
Denne løysinga vil gjera jobben enklare for både jegerar og kommunar.

Dataane må registrerast på døgnnivå, noko som opnar for ny og betre utnytting av dataane. Om valdsansvarleg ønsker det kan innlagte data visast i hjorteviltregisteret undervegs i jakta.

Informasjon om løysinga finn du i vedlagt brev.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut