Lokalhistorie som julegåve?

Det finst mange flotte, lokalhistoriske bøker frå kommunen vår: bygdebøker, fotobøker og kulturhistorisk vegvisar. Du får mykje bok for pengane, og dei innhaldsrike og illustrerte bøkene er svært godt eigna som julegåver!

2017-11-28

4bygdeboker.jpg

Bøkene kan kjøpast mot kontant betaling på biblioteket i Etne og Skånevik. Du kan også bestilla på tlf 53 75 80 80 / etne.bibliotek@etne.kommune.no, og me sender bøker og faktura. Porto kjem då i tillegg.


Prisar:

Etnesoga band I-II: 200 kr/stk

Etnesoga band III-V: 100 kr/stk

Skåneviksoga I-VI: 100 kr/stk

Fotobok Attersyn 1: 300 kr

Fotobok Attersyn 2: 400 kr

Begge fotobøkene: 600 kr

Kulturhistorisk vegvisar: 290 kr

Årbok frå Etne sogelag: 150 kr

Meir informasjon om bygdebøkene og Kulturhistorisk vegvisar finn du HER

 

Tip a friendTips ein ven