Jone og Sunniva des

Lyst å lære deg eit instrument, bli skodespelar eller biletkunstnar?

Då har me i Etne kulturskule ein ledig plass til deg neste skuleår – uansett alder!

For tida tilbyr me opplæring i: Gitar, bass, lyd og data, teikning/maling, drama, piano, keyboard, fiolin, slagverk, kornett og andre messinginstrument

Undervisninga føregår etter skuletid på Skakkesenteret i Etne og på Skånevik skule. Gjennom skuleåret deltar elevane på større og mindre konsertar, og utstillingar, og dramagruppa pleier ha teateroppsetjing om våren.

Du finn meir informasjon her 

For å melde deg på går du her 

Me har dedikerte og dyktige lærarar som gler seg til å ta i mot deg som ny elev hos oss!

Fristen er 1 mai.

Den som alt er elev, treng ikkje søkja for å halda fram neste skuleår, men ein må gi skriftleg melding via speedadmin.dk dersom ein ønskjer å slutta.
Du melder deg på for eitt skuleår. Prisen for 2018 er kr 1370 – 1630 kr per elev per semester, rabatt ved fleire søsken. I tillegg kjem kostnader til materiell, noter og liknande. Du kan også leiga instrument.

Dersom du skulle ha spørsmål, eller ønskjer å vite meir om oss i kulturskulen så ikkje nøl med å ta kontakt.
Velkommen til oss!

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut