Du er her: Heim Legat

Martin og Gunda Hallelands fond

Fondet sitt opprinnelege føremål var ei utdanningsstønad til ungdom med sikte på styrking av den lokale småindustrien.
 

Formannskapet gjorde i F-sak 6/88 endring i vedtekter for fondet, samt endra tittelen på fondet til:
Martin og Gunda Hallelands fond for utvikling av lokal småindustri
Formannskapet gjorde vedtak om følgjande vedtekter:
 

1. Grunnfondet skal være minst kr.50.000,-.
 

2. Styret kan kvart år dela ut renteinnkoma til styrking av næringslivet i Etne
kommune. Ved utdeling av midlane kan styret nytta eit av følgjande alternativ;
 

  • A: Næringspris. Prisen går til person, verksemd eller organisasjon som har gjort ein særs verdfull innsats for næringslivet i kommunen.
  • B. Tilskot til utvikling/marknadsføring av produkt/teneste frå ei verksemd.
     

3. Midlane skal delast ut innan utgangen av februar for året før. Styret skal kvart år innan 1. desember gjera utdelinga kjend ved lysing i lokalpressa.
 

4. Fondsstyret er på tre medlemmar. Ordføraren er sjølvskriven formann. Dei to andre medlemmene vert valde av kommunestyret for kommunevalperioden. Kommunekasseraren er rekneskapsførar for fondet.
 

5. Kvart år innan mars månad legg styret fram revidert rekneskap som skal godkjennast av formannskapet.
 

6. Vedtektsendring må ha samrøystes tilråding frå styret, og det skal så leggjast fram for formannskapet som tek endeleg avgjerd.

For valperioden 2008 -2011 er styret som følgjer:
Ordførar
Victor Carlsen jr. og Annlaug Myhre