Høner

Mattilsynet innfører "portforbod" for å hindre smitte til tamme fuglar

Det er funne fugleinfluensa på ei viltlevande gås i Rogaland og ein måke i Vestland.

For å hindre smitte frå ville til tamme fuglar har Mattilsynet innført portforbod for fjørfe i fylka Rogaland og Oslo, Sirdal kommune i Agder, kommunar med kystline i Vestland fylke frå og med Bergen (inkludert Askøy og Øygarden) til Rogaland fylke samt kommunar med kystline som ligg i fylka Agder, Viken og Vestfold og Telemark.

Eit portforbod vil seie at alle tamfuglar skal vera innandørs eller eventuelt under tak.

Portforbodet gjeld også for økologiske fjørfe. Økologiregelverket tillet å halde fjørfe inne eller under tak i ein avgrensa periode på grunn av slike restriksjonar. Dette påverkar difor ikkje økologigodkjenninga av verksemder eller status på produkta.

Fugleinfluensa i Norge hausten 2020 | Mattilsynet

 

Tips ein ven  Skriv ut