Me treng ein erfaringskonsulent

Beautiful little girl with teddy bear.

Me treng ein erfaringskonsulent/brukarrepresentant  til å utvikle arbeidet med  oppfølging av born, unge og familiar ein er bekymra for i Etne kommune

2017-09-07

Har du erfaring som barn som pårørande der foreldre eller søsken har vore eller er sjuk? Har du hatt/ utfordringar i forhold til rusmidlar? Eller er du sjølv ein forelder der barnet ditt har hatt/har behov for oppfølging ut over det ordinære? Me treng deg til å bidra med eigne erfaringar og opplevingar inn i utviklingsarbeidet for born og unge i Etne kommune!

Etne kommune er i gang med å utvikle ein samhandlingsmodell  «Me bryr oss»- Betre tverrfaglig innsats som rettar seg mot born, unge og familiar ein er uroleg for. Denne modellen skal bidra til å sikre at målgruppa vert fanga opp av tilsette i kommunen  og at borna i saman med  familien får god oppfølging til å mestre kvardagen sin. For å utvikle modellen til det beste for borna og familiane treng me ein erfaringskonsulent/brukarrepresentant som kan løfte viktige utfordringar frå målgruppa sitt perspektiv. 

Viktige erfaringar og kvalifikasjonar  frå erfaringskonsulent/brukarrepresentant  kan vere:

  • Erfaring som barn som pårørande der foreldre eller søsken har vore/er  fysisk, psykisk sjuk eller har hatt/ har utfordringar i forhold til rusmidlar.
  • Er sjølv ein forelder der barnet ditt har hatt/har behov for oppfølging ut over det ordinære.
  • Arbeidserfaring frå barnehage/skule.
  • Ynskjer å bidra inn i arbeidet for born og unge med eigne  erfaringar og opplevingar.

Omfang og vilkår av arbeidet:

  • Møte  på inntil  2 timar, 4-6 gonger pr. halvår. 
  • Gjennomlesing/innspel på dokument.
  • Arbeidet vil utviklast i samråd med dine ynskjer.
  • Dersom du ikkje er tilsett i kommunen og får lønn derifrå vil arbeidet honorerast etter aktuelle retningslinjer for brukarrepresentantar (FOUSAM).

Frist for å melde interesse 01.10.2017

For meir informasjon og interesse ta kontakt med
Elisabeth Lunde Sørheim
Koordinator for Betre Tverrfaglig innsats
Tlf: 91810798

 

 

Tip a friendTips ein ven