Me ynskjer forslag på kandidatar til Kultur- og Frivilligprisen i Etne kommune 2014

I Etne kommune er det utruleg mange som fortener ein Kultur- og Frivilligpris.

Me har denne eine prisen som vert delt ut kvart år. Send oss ditt forslag med namn på ein eller ei som de meinar fortenar ei ekstra utmerking for sin innsats og grunngje kvifor.

Prisen kan utdelast til personar som har gjort ein aktiv innsats for å styrke kulturlivet og/eller frivillig arbeid innan kommunen, eller som har bidrege til å gjere Etne kommune kjend utover landet på det kulturelle plan.

Forslaga kan meldast inn til kultureininga Etne kommune, eller tenestetorget. Komite Drift avgjer kven som får prisen og den vert utdelt i november eller desember av ordføraren.

Leif Arne Løvereide, leiar komite Drift.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut