Melding om oppstart av arbeid med detaljregulering av vegareal frå Skarstøl til Krokavatnet Hyttefelt i Etnefjella.

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla at Berge Sag Hyttetomter as set i gang arbeid med reguleringsplan for vegarealet langs eksisterande anleggsveg frå Skarstøl til Krokavatnet Hyttefelt.

Området er ikkje tidlegare regulert. Føremålet med reguleringa er å juridisk fastleggje vegarealet med nødvendige snu- og møteplassar. Området er avgrensa som vist på kartet nedanfor.

Eventuelle merknadar eller innspel som har innverknad på planarbeidet skal sendast skriftleg til forslagsstillar, innan 14.10.14.

Berge Sag Hyttetomter as v/ Per Berge, perB@bergesag.no – mob. 982 29 310 

Utsnitt varslingskart

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut