samarbeidsrådet for sunnhordland_logo

Midlar til utvikling

Samarbeidsrådet for Sunnhordland forvaltar midlar til utvikling gjennom Regionalt Næringsfond. Fondet er finansiert av Hordaland fylkeskommune og skal medverka til å realisera fylkeskommunale mål for utvikling, særleg innan kompetanseheving, omstilling, nyetablering, innovasjon og nyskaping i næringslivet og tilrettelegging for dette.

Prioriterte satsingsområde i Sunnhordland er Nyskaping/entreprenørskap, Marin sektor/havbruk, Kulturbasert næringsutvikling/matkultur, Rekruttering/omdømmebygging, Reiseliv.

 

Tildeling til bedrifter – nyetableringar kan gjevast i kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Sveio og Tysnes.

 

Det kan søkjast dekking av inntil 20 % av totalkostnaden i eit prosjekt.

 

Søknader som er registrert innan 15. mai vert handsama i møte 12. juni.
Søknader som er registrert etter 15. mai vert handsama i møte i 20. november. 

 

Frå 2013 skal alle søknadar sendast digitalt på www.regionalforvaltning.no

 

For meir informasjon ta kontakt med Samarbeidsrådet på telefon 53 45 67 90 eller sjå på Samarbeidsrådet sine nettsider : www.samarbeidsraadet-sunnhordland.no - næringsutvikling.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut