Tømmer

Midlertidig forskrift om tilskudd for å opprettholde hogstaktivitet i skogbruket 2020

– praktisering i Vestland fylke

Det er innført forskrift om mellombelse tilskot til heilmekaniserte slutthogster og tynning, og taubanedrift. Driftskostnaden må vere høgare enn kr 160,- per m³ (tynning: kr 230 per m³). Skogeigar søkjer om tilskot digitalt ved å logge inn i Altinn gjennom skogfond.no eller ved å fylle ut søknadsskjema: LDIR-916 for taubanedrift eller heilmekanisert drift etter forskriftas § 4, e, f og g, eller LDIR-929 for dei andre ordningane etter §§ 3 og 4. Papirsøknaden sendast til kommunen.

Skogeigar må be om utbetaling av tilskotet til seg sjølv eller til tredjeperson via skogfond.no eller på eige skjema.

Rettleiing for elektronisk søknad finn du her.

Ordningane forvaltast av Fylkesmannen men skal førebuast av kommunen.

For taubanedrift trengs berre ein søknad når det både vert søkt om tilskot frå kommunen (LUF) og tilskot etter den nye forskrifta. Kommunane handsamar søknaden på vanleg måte og sender kopi av søknadsskjema og vedtak til Fylkesmannen.
 

Aktivitetstilskot.png
Figur 1 viser storleik på tilskot til heilmekaniserte slutthogster og tynning.


Aktivitetstilskot taubane.png
Figur 2 viser tilskot til taubane § 5 (regional) tilpassing

Tilskotet gjeld drifter starta etter 12. mai 2020.
Siste frist for å be om sluttutbetaling er 30. november 2020

Rettleiing for sakshandsamarar. Sjå også her.

Tips ein ven  Skriv ut