1

Miljøarbeidstenesta - Bufellesskapet

Visjon: «Ny dag – nye moglegheiter»
- Best mogleg livskvalitet for alle brukarane i dag

Kva er miljøarbeidartenesta - Bufellesskapet?

  • Bustadar for menneske med nedsett funksjonsevne

  • Barnebustad

  • Avlasting

  • Miljøarbeid i heim hjå brukarar som har nedsett funksjonsevne.

Huset «Bufellesskapet» har 5 leilegheiter kor av ein er barnebustad. Felles for alle er at dei er for  eigne sjølvstendige bustadar å rekne, men dei ligg i same bygg.

Avlasting vert for tida ytt ut i frå leilegheiter i Bustadskipinga. Dette er ei mellombels løysing fram mot ei meir permant ordning, men erfaringa så langt har synt at ordninga fungera godt.

Miljøarbeid vert elles ytt til menneske som bur i eigne leilegheiter/hus spreidd rundt i «bygda». Tenestene har då gjerne karakter av opplæring /rettleiing/støtte til daglege gjeremål, sosial trening o.a.

Me har brukt mykje krefter på finne ut kva me vil med Miljøarbeidstenesta – Bufellesskapet som arbeidsplass og som tenesteytar. Me har i denne prosessen funne at me er opptatt av å vere gode på fag, av å ha god arbeidsmoral, gje tryggleik for tilsette og brukarar og me ønskjer å ha eit godt arbeidsmiljø.

Me er opptatt av at brukerane til ein kvar tid skal ha det best mogleg, ut i frå sine eigne føresetnader.  Dei skal ha ein føreseieleg kvardag , med eit variert innhald.  Kvardagane skal vere gode og me er difor med på ulike aktivitetar. Aktivitetane spenner frå riding og bading  til ulike fritidsklubber både lokalt og i Haugesund. Ein er og aktivt med i «Friluftsliv for alle» som er eit tilbod for våre brukarar i Djupadalen i Haugesund.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut