Minnemarkering Utøya

Minnemarkering

Fakkel/rosetog i Etne, møt opp på Enge skule onsdag 27/7 kl. 19.00

La oss saman vise vår medkjensle, respekt og støtte til alle offer, såra og pårørande etter tragedien i Oslo og på Utøya. Møt opp på Enge skule onsdag 27/7 kl. 19.00. Me går i fakkel/rosetog til Tinghuset, der me held ei markering. Me prøver å skaffa faklar. Dersom de har faklar liggjande, er det fint om de tek dei med. Dei som vil, må gjerne ta med seg roser. Det blir og mulig å tenna lys/ leggje ned blomar i Tinghusparken etterpå. Kondolanseprotokollen på Tinghuset blir tilgjengeleg.

Spre ordet - inviter alle venner og kjente.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut