Fritid og aktivitetar
Etne byr på opplevingar, aktivitetar og møtestadar for folk i alle aldrar, og i den fantastiske naturen har ein mange flotte fritidsaktivitetar rett utanfor husdøra. Etne har fleire organiserte turlag som byr på gode opplevingar i naturen, og i tillegg har ein moglegheit til å delta på eit mangfald av organiserte idrettar.
Det er gode serverings- og møtestadar som blant anna byr på tradisjonelle norske rettar, internasjonale matopplevingar, lokalbrygga øl, og fleire kulturelle hendingar i løpet av året. På desse sidene er det samla informasjon og lenkjer til dei ulike aktivitetane og møtestadane som finst i Etne.
Saknar du noko? Ta gjerne kontakt med tilflyttarsenteret.
Kommunelege Elisabeth testar ut aktivitetar, her får du utfyllande filmar frå prosjektet:
Aktiv i Etne