Modulbygg

Modulbygg til sals

Prisantydning kr. 1.000.000 ekskl. mva.

Etne kommune har for sal eit modulbygg oppført i 2015, som er sett saman av 5 modular. Bygget er lokalisert i Skånevik, der kommunen har nytta det som barnehage.

Modulane er produsert i 2015 etter byggteknisk forskrift TEK 10.

Grunnflata på kvar av modulane er 8,40 m x 2,90. Høgde utvendig/innvendig er 3,30/2,70 m.
Det er ventilasjon i alle rom. Vidare lakkert røyrføring innvendig i tak, og utvendig innkledd aggregat plassert på tak.
Lys i alle rom og utvendig følgjer med. Likeeins brannvarslingsanlegg, samt utvendig trapp og rullestolrampe.
Kvitevarer på kjøkken, innreiing og møblement i modulane, kan følgja med i handelen ved interesse.

Vilkår
Det er ein føresetnad at kjøpar fristiller tomta for kommunen, og sjølv tek ansvar for heile flytteprosessen. Kjøpar må setja opp byggegjerde mot gjenverande barnehage før demontering av modulbygget tar til. Plikta omfattar såleis demontering, opplasting og transport til ny stad for eiga rekning. Vidare fysisk fråkopling av straum, vatn og avlaup, samt sikring/plugging av dette på forsvarleg måte. Tomta må vere rydda før kjøpar forlet staden. Rivingsavfall og bos elles skal leverast til godkjent mottak.

For nærmare informasjon kan de kontakta:
Teknisk kyndig/konst. kommunalsjef Bjørn Fjaler Eikemo (970 38 240 / bjorn.eikemo@etne.kommune.no)
Representant for brukarane/barnehagestyrar Torhild Molland (979 80 115 / torhild.molland@etne.kommune.no)

Bod vert å sende skriftleg til bjorn.fjaler.eikemo@etne.kommune.no og post@etne.kommune.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut