Momsrefusjon

Momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal i 2020 fordele 1,685 milliardar kroner til frivillige lag og organisasjonar. 

Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Rekneskapsåret 2019 er grunnlaget for søknaden i 2020.

Søknadsfristen er 1. september kvart år, og utbetaling skjer i midten av desember.
Dersom organisasjonen er knytt til eit sentralledd enten organisatorisk og/eller gjennom vedtekter (for eksempel Norges idrettsforbund, Norges Røde Kors, Norske Kvinnes Sanitetsforening eller liknande), så skal søknaden sendast via sentralleddet. Ver spesielt merksam på at sentralledda har eigne søknadsfristar som er tidligare enn vår frist. Les meir om dette her : https://lottstift.no/tilskotsordningar/om-momskompensasjon-generell-ordning/kan-du-sokje/

Søknadsskjema og meir informasjon finn du her: https://lottstift.no/tilskotsordningar/om-momskompensasjon-generell-ordning/

Tips ein ven  Skriv ut