Siri  Klokkerstuen og Monica Grindheim

Monica Grindheim fekk årets minnepris

Sigbjørn Rafdals minnefond blir delt ut til ein eller fleire eldsjeler som gjer ein innsats for å gi barn og unge i Etne ei meiningsfull fritid.

Siri  Klokkerstuen og Monica Grindheim.jpg

Ordførar Siri Klokkerstuen delte ut Sigbjørn Rafdals Minnepris under Etne Cup. Prisen gjekk i år til Monica Grindheim.

Utdrag frå talen:

"Sigbjørn Rafdal sin minnepris 2016  går til ein person som alltid stiller opp. Ein person som  gjer av seg sjølv i møte med menneske, som alltid seier ja, som alltid har konstruktive forslag til gode løysingar. Ein person som ikkje set seg sjølv i sentrum, men heller tenkjer kva kan eg bidra med?

Ein person som med sitt gode humør fort seier: Ja, men dette skal me få til.

Etne kommune er ein MOT kommune som arbeider for gode haldningar, inkluderande lokalsamfunn og aktive oppvekstmiljø. Ho er MOT – medarbeidar og MOT kontakt i Idrettslaget.

Ho har i ei årrekke vore leiar, og er framleis  trenar og aktiv deltakar i Turngruppa i Etne Idrettslag. Ho har vore med og utvikla turngruppa til ein stor idrett i Etne med medlemmer frå mange bygder i regionen. Ho er medlem i Breddeutvalet i Hordaland Turnkrets. Samstundes som ho har vore med å  utvikla breddetilbod frå 3 år og oppover i Etne, har ein utvikla talent som hevdar seg høgt nasjonalt innan trampett. Dette imponerer."

Minnepris.jpg

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut